Velkomen til heimesida mi!

I det daglege er eg mjølkebonde på garden Plassen i Vinje i Telemark. Her presenterer eg noko av det eg syslar med på kulturfronten – både før og no. Her på framsida finn du informasjon om plateinnspelingane mine og tidlegare prosjekt, medan du finn konsertinformasjon, kontakt, presse og netthandel i menyen øvst på sida. Eg tek gjerne på meg oppdrag for bedrifter og private tilstellingar, men dei vert ikkje lagt ut på desse sidene. Her finn du berre offentlege konsertar.